Dette, saman med den gode utviklinga på arbeidsmarknaden denne månaden, gjer at vi ser noko meir optimistisk på utviklinga framover enn det vi gjorde for et par månader sidan, seier Rolf M. Lossius, avdelingsdirektør i Nav Møre og Romsdal. I april 2009 er det 2 930 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Dette utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken og er ei auke på 86,4 prosent samanlikna med same periode i fjor, og ei nedgang på 7,1 prosent i høve til sist månad. 692 personar, ei nedgang på 5 personar sidan sist månad, er på ulike arbeidsmarknadstiltak. Til saman gir dette ei brutto arbeidsløyse på 3622 personar i fylket. Arbeidsløysa er no 1,8 prosent for kvinner og 2,7 prosent for menn. I landet er det 68 343 heilt ledige. Dette utgjer 2,6 prosent av arbeidsstyrken og er ei auke på 85 prosent samanlikna med same periode i fjor, og ein auke på 6,0 prosent i høve til sist månad. Trekk ved utviklinga i arbeidsløysa mai 2009 Frå og med november 2008 har dei sesongjusterte tala på heilt ledige auka med om lag 200 kvar månad. Denne månaden har vi bare ei svak auke i arbeidsløysa på om lag 50 personar. Ein grunn til det er at det for dei to største yrkesgruppene, industri og bygg- og anlegg, har vore ei markant nedgang i arbeidsløysa denne månaden, etter tur på 9,0 prosent og 18,6 prosent. Talet på delvis ledige aukar kraftig i mai 2009, med ei uke på 19,5 prosent den siste månaden, frå 1428 til 1706. Dette er med på å nyansere utviklinga på arbeidsmarknaden noko. Nav si bedriftsundersøking 2009 Nav si årlige bedriftsundersøking har til hovudmål å kartlegge bedriftenes etterspørsel etter arbeidskraft det kommande året. I denne pressemeldinga presenterast hovudresultata heilt kort. Ein kan lesa heile bedriftsundersøkinga på nav.no, der ein vel Møre og Romsdal sine lokale sider. 1000 fleire sysselsette Bedriftsundersøkinga viser at bedriftene ventar ei svak vekst i sysselsettinga det komande året med ei auke i talet på sysselsette på 1000 stk. I fjor var det venta ei auke på 4000. Det er på sunnmøre det er venta mest vekst i sysselsettinga, med ei auke på 675. 7550 tilsettingar Det er venta at verksemdene i fylket skal tilsette om lag 7550 personar kommande år. Av desse er det venta at ein tredjedel skal utgjere personar med høgare utdanning. Flest tilsettingar skal gjerast innan varehandel og helse- og sosial, medan industrien har et langt mindre tilsetjingsbehov i høve til i fjor. Framleis utfordingar med å rekruttere ynskja arbeidskraft Trass auke i talet på ledige er det framleis mange bedrifter som ikkje får tak i den arbeidskrafta dei ynskjer. Det er i Romsdalen det størts mangel på ynskja arbeidskraft, og det er innan eigedomsdrift og forretningsmessig tenesteyting, helse- og sosialtenester og bygg- og anlegg vi finn mest mangel på arbeidskraft. Talet på heilt ledige – mai 2009 Kommune Menn Kvinner Sum I prosent av arbeidsstyrken Endring siste mnd Endring siste år Molde 163 64 227 1,7 % -17 68 Ålesund 380 182 562 2,4 % -41 261 Kristiansund 236 133 369 3,0 % -14 164 Vanylven 25 4 29 1,6 % 0 4 Sande 9 9 18 1,4 % 2 3 Herøy 35 37 72 1,6 % -23 18 Ulstein 27 29 56 1,5 % 0 7 Hareid 52 47 99 3,9 % -7 45 Volda 37 19 56 1,3 % -6 13 Ørsta 72 47 119 2,2 % 7 74 Ørskog 11 5 16 1,3 % -8 5 Norddal 6 10 16 1,7 % 0 12 Stranda 27 25 52 2,2 % 5 41 Stordal 10 11 21 4,0 % -8 15 Sykkylven 55 55 110 2,6 % -26 64 Skodje 21 19 40 1,9 % 3 17 Sula 64 44 108 2,6 % 23 66 Giske 35 17 52 1,4 % -5 3 Haram 45 36 81 1,7 % 7 41 Vestnes 56 9 65 1,9 % -9 42 Rauma 92 42 134 3,5 % -16 84 Nesset 44 11 55 3,6 % -16 32 Midsund 7 8 15 1,6 % -5 7 Sandøy 4 1 5 0,7 % -4 0 Aukra 11 10 21 1,3 % -3 3 Fræna 60 35 95 1,9 % -9 56 Eide 20 10 30 1,7 % -1 16 Averøy 38 35 73 2,6 % 5 32 Gjemnes 23 8 31 2,2 % 0 10 Tingvoll 25 12 37 2,4 % 1 19 Sunndal 60 24 84 2,2 % -13 38 Surnadal 33 19 52 1,7 % -17 23 Rindal 10 2 12 1,2 % -1 7 Halsa 6 5 11 1,3 % -8 5 Smøla 16 8 24 2,2 % -11 5 Aure 28 12 40 2,2 % -5 18 Justering* 24 19 43 -3 40 Sum 1867 1063 2930 2,2 % -223 1358
Nyhende →
Nedgang i arbeidsløysa i mai
Bedriftsundersøkinga i Møre og Romsdal for 2009 viser at det, trass i uroa i finansmarknaden og økonomiske nedgangstider, er over 20 prosent av bedriftene som ventar ei auke i arbeidsstokken det komande året. Både i Hareid og i Herøy har arbeidsløysa gått ned, medan Ulstein er uforandra.