Bebuarkontakt Silje Brønstad fortel at det er mange babyar og små born på mottaket i Ulsteinvik no. Det byrjar å bli kaldt ute, og det er ikkje lett for foreldra å få pengane til å strekkje til når dei skal handle inn varme klede og utstyr til borna sine.

No lurer dei på om bygdefolket kan hjelpe. Dei tek imot vinterdressar for born frå 0 til ti år. Dei treng vogner og voksiposar for å ha oppi vognene. Dei tek også imot regntøy, fleece, ulldressar, cherroxar og støvlar.

– Dette er slikt som kostar ein del. Det er ikkje store summen dei har å rutte med. Dei treng utstyr når dei skal sende borna i barnehage og skule, seier Brønstad.

Om nokon leverer store mengde med klede er det fint om dei tek seg tid til å brette kleda fint saman og sortere dei etter storleik. Så går det raskt for mottaket å levere det ut. For dei har travle dagar på mottaket og lite tid til å sortere klede.

– Det som kjem inn må vere reint og fint. Det må sjå skikkeleg ut. Borna er i lag med norske born, og det bør ikkje vere slik at ein ser på kleda til borna kven som kjem frå mottaket. Dei skal vere likeverdige, slår Brønstad fast.

Treng også senger

Mottaket blir også glede for grindsenger/babysenger, stellebord og stellematter. Dessutan blir dei veldig glade for syklar, både til born og vaksne. Det er fint om det også følgjer med ein hjelm til sykkelen.

– Me jobbar med å få dei til å bruke hjelm og refleksvest, men dette er jo noko også nordmenn kan bli flinkare til, fortel Brønstad.

Refleksvestar kjem også til nytte.

– Kva med leikar til born?

– Mottaket har avgrensa med lagringskapasitet. Me prøver å få alt ut igjen så fort som råd. Men om nokon blir kjent med asylsøkjarar, får ein i klassen sin til dømes, er det ikkje noko i vegen for å gje direkte.

– Bli kjent med dei

Bebuarkontakta oppmodar bygdefolket om å bli kjent med dei nye innbyggjarane. Om ein har born i felles barnehage eller skule, snakk med dei. Inviter dei med på kafé eller liknande.

– Det viktigaste for familiane som kjem hit er at dei blir kjende med andre, seier Brønstad. Ho forstår at det kan verke litt skremmande å ta kontakt med folk ein ikkje snakkar same språket som, men ein kan kome langt med smil og kroppsspråk.

Ho fortel at mange bebuarar ønskjer å bli kjende med andre og skape seg eit nettverk, men dei lurer på kvar alle innbyggjarane er.

Etterlyser flyktningguidar

I kveld (tysdag) arrangerer Ulstein Frivilligsentral i lag med Møre og Romsdal Røde Kors eit kurs for dei som ønskjer å vite meir, og vil bli flyktningguide.

Ny kultur, nyt språk og nye utfordringar, dette er kvardagen for flyktningar som blir busett i Noreg. Ein flyktningguide kan gjere overgangen lettare. Frivilligsentralen vil hjelpe til å kople flyktningar som har opphald i Noreg med ei frivillig guide som kjenner lokalsamfunnet.

Brønstad oppmodar alle som har høvet til å slenge seg med.

– Det er gjevande. Både for den du vil hjelpe, men ikkje minst for deg sjølv, seier ho.

Om me blir kjende med kvarandre vil det vere med å minke gapet mellom gruppene.

– Me er alle menneske og likare enn me trur, minner Silje Brønstad om.