Årsmeldinga og rekneskapen til Ulstein eigedomsselskap KF syner at verksemda hadde eit underskot i drifta på 1,34 millionar kroner i 2015.

Året før, 2014, hadde derimot eigedomselskapet eit overskot på drifta. Det udisponerte overskotet på 1,4 millionar går derfor til å dekkje underskotet for 2015. Dessutan blir det pengar til overs (61 tusen) som går til å styrkje disposisjonsfondet.

Tapte husleigeinntekter på Høddvoll

Saka blir lagt fram for Ulstein formannskap onsdag 18. mai. I sakspapira kjem det fram at husleigeinntektene vart redusert med 3,1 millionar kroner. Det kjem mellom anna av at Høddvoll ikkje vart ferdigstilt til bruk før mai, noko som fører til 900 000 kroner tapte husleigeinntekter jamfør budsjett.

Også alle dei nye omsorgsbustadene vart tekne i bruk seinare enn budsjettert. Og ein del av omsorgsbustadene på Ulshaug stod tome fleire månader etter bebuarane flytta over til dei nye leilegheitene.

Også fått inn meir enn budsjettert

UEKF har fått inn 2,3 millionar meir enn budsjettert, noko som hovudsakleg skuldast fylkeskommunalt tilskot til dagsenter på Alvehaugen. Dei har brukt 1,2 millionar under budsjett på personalkostnader, fleire stillingar har stått utan tilsetting og forsikringskostnader har vore lågare enn budsjettert.

Brukt meir på vedlikehald

Eigedomsselskapet har brukt 1,86 millionar meir enn budsjettert på vedlikehald. På grunn av råteskade i taket på Ulsteinvik barneskule har taket der blitt fiksa for 400 000 kroner.

Etter mange flytta frå Ulshaugen til Holsekerdalen måtte mange leilegheiter rustast opp før nye leigetakarar flytta inn. Kostnaden er ført på drifta med om lag 500 000 kroner. UEKF har få tilsette vaktmeistrar, så dei har leigd inn hjelp.

Andre driftskostnader vart omlag 1,3 millionar meir enn budjsett. UEKF har auka talet på leigde husvære for framleige, her har ikkje budsjettet vore justert i høve til utviklinga, skriv Rune Urke, dagleg leiar i UEKF.

Rentene er framleis låge. For å sikre seg mot mogleg renteoppgang har selskapet gjort renteavtalar med fast rente for halvparten av gjelda. Men slik tryggleik kostar.