Sirkuset kjem og klargjer sirkusplassen 13. juni. Sirkuset sitt eige ryddemannskap tek seg av reingjeringa etter bruk.
Cirkus Arnardo skreiv i plass-søknaden sin at dei gjerne vil vite om andre sirkus har planar om framsyningar på Hareid. Svaret frå kommunen var at dei ikkje hadde fått nokon slik søknad. Dermed tok Arnardo fast. Leigeprisen på grusbana er sett til kr. 6.610,-.
Nytt telt
Cirkus Arnardo er det einaste store norske sirkuset som legg ut på turné i år. Dei kjem til Hareid etter å ha hatt framsyningar ein rekke stader i Trøndelag. 90 personar frå 15 ulike land jobbar i sirkuset, som i år også kan presentere eit heilt nytt telt, produsert i Italia og der ingen plassar ligg meir enn ti meter frå manesjen.