– Kva kan ein seie? Fantastisk! To strekar under svaret. Det fungerer å jobbe med kvalitet.

Det seier May-Britt Moser i ei pressemelding frå NTNU etter at det vart klart at ho og mannen Edvard vart tildelt Nobelprisen i medisin og fysiologi.

– Vi har ei supergruppe vi jobbar saman med. Vi har også støtte frå fakultetet, NTNU, politikarar og resten av verda. No har alle fått belønninga si – dei trudde rett, seier Moser.

Les også: - Forsto ikkje kva som hadde skjedd

Også rektor ved NTNU, Gunnar Bovim, var naturleg nok svært nøgd med tildelinga.

– Det er ei fantastisk nyhende, først og fremst for May-Britt og Edvard Moser, men også for NTNU og Norge. Deira arbeid innan nevrovitenskap med vekt på hukommelse og stadsans er internasjonalt banebrytande, og dei har allereie motteke dei aller fleste internasjonale prisar som er mogeleg å få på sitt område, fortel Bovim.

NTNU-rektoren seier ifølgje pressemeldinga frå NTNU at denne utmerkinga er ein inspirasjon, og han hadde venta at forskinga kunne føre til ein Nobelpris på sikt.