Arne Ola Grimstad fekk under ei tilstelling på Sæbø søndag heilt overraskande tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Grimstad er fødd og oppvaksen på Hareid, men er busett i Ørsta. Han er utdanna lærar, og var på 1960-talet lærar på Hareid og i Hjørungavåg.

For eit par år sidan gav han ut boka "Augneblinkar frå Hareid på 60-talet". Grimstad var, og er, ein ivrig fotograf, og fotoboka hans kalla fram mange minne frå 1960-talet.

Medan Grimstad budde på Hareid var han aktiv i KM-klubben, speidaren og ofte med på tilstellingar på Holesanden.

morenytt.no