Hareidsstemna har i fleire år henta inn eit musikalsk trekkplaster utanifrå til ein storkonsert fredagskvelden i stemneveka.I år er Silya & The Sailors dette trekkplasteret.

Billettar kan kjøpast via nettsida til Hareidsstemna, på rådhuset og ved inngangen til Hareidshallen fredag før konserten.Hausten 2013 gjekk Silya til topps i TV-suksessen «Stjernekamp» på NRK. Sidan har ho hatt stor suksess med singelen «Sucka» og fått strålande kritikkar for albumet «Unanchored».I januar i år var det stappfullt hus på Sentrum Scene i Oslo då ho hadde med seg The Rapscallions – og på Norgesturneen, som starta i februar, har ho hatt fullt hus heile vegen..Til konserten i Hareidhallen har ho med seg «The Sailors». Matrosane kjem direkte til Hareid frå New York.

Vokalist i Multicyde

Silje Haugum Nymoen, som er det rette namnet hennar, vart fødd 3. januar 1978.

Ho har tidlegare også nytta artistnamnet Anéa. Som songar, popvokalist og låtskrivar vart ho først kjend som gjestesolist, seinare som fast vokalist i gruppa Multicyde, som slo gjennom i 1999 med «Not for the Dough», ein melodi som bygde på Bent Fabricius-Bjerre sitt munnspel-tema frå filmen «Flåklypa Grand Prix». Ho var også vokalist på Multicyde sin neste singel, «The Claptrap». Etter dette fekk ho seg platekontrakt som soloartist med Columbia Records i USA.

Tøff blanding

Når Silya har med seg det New York-baserte bandet «The Sailors» på scena, kan publikum vente seg ei tøff blanding av rock, funk, Motown-soul og kabaret.Bandet «The Sailors» er no Silya sin faste samarbeidspartnar. Albumet «Unanchored» vart gjort saman med dei på «gamlemåten» i Degraw Sound i Brooklyn: Alle musikarane var samla i same rom, alt vart spelt inn i eitt opptak, inga triksing og miksing med vokal eller instrumentering.Resultatet vart det meldarane kalla eit «rått og retro lydbilde» med openberre parallellar til Amy Winehouse og Duffy. Men mange meiner at Silya er endå meir komprimisslaus enn dei i uttrykket.