I dag klokka 08.00 tok medarbeidarane i Sparebanken Møre Ulsteinvik oppstilling på strategiske skulevegar. I hendene hadde dei store bunkar med refleks som dei delte ut til elevar på veg til skule.

Totalt har Sparebanken Møre sendt ut refleksband til 78 ungdomsskular og vidaregåande skular i fylket.

- Ved avdelinga i Ulstein bestemte vi oss for å dele ut til barneskulane også, og har derfor valt å stå på skulevegane til borna, fortel Turid Leknesund i Sparebanken Møre Ulsteinvik.

Saman med kollega Ida Therese Gjerde stod ho i botnen av Skulebakken i Ulsteinvik torsdag morgon. Blant dei som fekk refleksband var søskena Kensie, Tyler og Hamah Kvien. Dei kom flyttande frå Texas til Ulsteinvik for eit år sidan, og takka for refleksa både på amerikansk og norsk.

Den nasjonale Refleksdagen er i regi av Trygg Trafikk. Målet er å auke bruken av refleks, og å få ned talet på fotgjengarulykker.

Konkurranse

Sparebanken Møre inviterer elevar i ungdomsskulane og vidaregåande skular til å lage ein eigen, kul refleksdans film på maks. 15 sekund.

- Legg kan ut på instagram med #sbm refleksdans innan 10. november. Premien er på 5000 kroner, og vil gå til heile klassa, tipsar Leknesund.

Fakta om refleks

Granskingar viser at 95 prosent av dei som blir påkøyrt i trafikken ikkje har brukt refleks.

Vel hels refleks som bevegar seg ved bruk, dei viser best igjen.

Legg refleks i lommene på ytterkleda, då gløymer du dei ikkje

Brukar du to refleks blir du sett frå begge sider når du kryssar vegen

Refleksvesten blir svekka ved vask og bør byttast ut ved jamn bruk

Alle godkjende refleks skal vere merka med CE EN 13356