Magne Kjell Wingsternes har sett seg lei rot på nabotomta.

Der ligg det fleire bilar, bilvrak, malingsspann, takstein, ved og meir til. Ein del av rotet ligg på marka, men det meste ligg i låven på eigedommen – som er stappfull.

– Farleg materiale

Magne Kjell Wingsternes bur på oppsida av vegen. Han har i fleire år reagert på stoda på naboeigedommen. At han no har etablert seg med familie og to små born gjer ikkje frykta hans for situasjonen mindre.

– Ikkje berre er det lite fint med alt rotet. Det er også ei veldig stor brannfare på eigedommen. Dessutan er det svært farleg for born å ferdast på området med alt materialet dei kan skade seg på, seier Wingsternes.

NMU-sak

Som fleire gonger har kontakta både mannen som legg frå seg rotet for å få han til å rydde opp. Ifølgje Wingsternes har mannen sagt materialet ligg der fordi det skal brukast til noko ved eit seinare høve. Wingsternes har også vore i kontakt med kommunen for å høyre om dei kan be mannen rydde opp. Og no ser det ut som saka blir politisk.

– Situasjonen på denne eigedommen var oppe som eit spørsmål under vårt sist møte. Administrasjonen skal sjå på saka og kome med ei tilbakemelding til neste møte i september, seier Annika Brandal, som er leiar i næring- og miljøutvalet (NMU).

Ho meiner det er viktig for kommunen å ta ivareta innbyggjarane si sikkerheit og lovar at utvalet vil følgje opp saka.

Har planar

Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med mannen som har lagt frå seg alle gjenstandane på eigedommen. Mannen seier at han ikkje har høyrt noko frå kommunen om å fjerne gjenstandane, men at han kjenner til kva Magne Kjell Wingsternes meiner om saka. Mannen fortel at han har planar om å gjere noko med taket på låven.

Olav Helt Brubakk, ingeniør i Hareid kommune, har ansvar for saker som denne. Han seier han ikkje har fått lest vedtaket frå NMU enno, men at det vil bli tatt fatt i saka om ikkje lenge.

Den aktuelle eigedommen på Indre-Hareid er eit dødsbu. Det er ikkje mannen som har lagt frå seg rotet som står som styrar av buet, men har er i nær slekt med vedkomande.