– For oss er det gull verdt å få knytt fleire til oss. Vi har mange kostnader som vi slit med å finne plass til i budsjettet, seier Jan Thormodsæter som er koordinator for Ulsteindagane.

Sponsormidlar

Ulsteindagane går av stabelen 8.-14. juni. Målet er å skape fleire "lunger" i sentrum av Ulsteinvik, der ting skjer. Til dette treng ein mellom anna lydutstyr, og alt skal riggast på plass. Sponsormidlar kjem godt med til nettopp slike postar. – Sponsorane gjev oss også moglegheit til å visualisere dagane på ein heilt annan måte. For Ulsteindagane er det positivt at vi viser igjen saman med profilere bedrifter. For bedriftene er det positivt å verte assosiert med eit slikt arrangement. Eg trur at det er ein vinn-vinn situasjon for begge partar, seier Thormodsæter.

Vil vise engasjement

Dagleg leiar i Island Offshore, Håvard Ulstein, synest det er fint å støtte eit slikt tiltak. – Vi er ei av dei større bedriftene i Ulstein, og vi prøver å vise lokalt engasjement. Ulsteindagane er noko som flest mogleg skal få glede av. Samstundes synest vi det er flott med folk som tek slike initiativ, som er eit bidrag til at folk skal trivast her, seier Håvard Ulstein.