Dersom det er nokon som har forbarma seg over nota, og synest ho har leie der vel lenge, får eg håpe dei tek kontakt med meg, eller med avisa, seier Lars Langnes. Han representerer samarbeidsutvalet ved Ulstein skule. Tidlegare i sommar, nærare bestemt for fire veker sidan, køyrde han ut ein bunt gjerdenot, piggtråd og gjerdestolpar slik at alt var klart til å starte arbeidet med turstien frå Gåsneset til Flø. Nota skulle nyttast til å reparere det gamle gjerdet på Gåsneset. Tilbake frå ferie må Langnes registrere at arbeidet med turstien ikkje har starta opp, på grunn av manglande kapasitet hos dei som skulle utføre arbeidet. Han tenkjer seg dermed at nokon har registrert at nota har blitt liggjande, og håper at den som har tatt henne til vares, melder seg.