Brannalarmen gjekk like etter midnatt. Ein mann i 60-åra var til stades i huset, men han kom seg ut utan å bli skadd. Vinden skapte eit regn av gneistar frå det brennande huset. Politiet valde derfor å innlosjere sju av dei som budde i dei næraste husa på hotell i Fosnavåg, melder smp.no. Brannvernet kunne lite gjere med det overtende huset - som brann ned på kort tid.