Denne veka tikka det inn eit tips til Arbeidstilsynet og Vikebladet Vestposten om at dei som la tak på Snorrebuda ikkje var forsvarleg sikra. Men då Arbeidstilsynet kom for å kontrollere arbeidstilhøva, kom dei til tomt tak. Arbeidarane hadde reist derifrå. Inspektør Odd Småge fekk høyre av dei som arbeidde på nabobygget at latviarane hadde reist heim på påskeferie. Dei sa òg at dei som arbeidde på taket hadde brukt stillas, men dei hadde for lite stillas, så dei var nøydde til å flytte rundt på stillaset. Det er Inge Kolås AS i Ørsta som er entreprenør på Snorrebuda. Men Kolås seier til Vikebladet Vestposten at dei ikkje har arbeidd på buda på over tre veker. Dei tek seg av flyttinga og restaureringa av buda, men ikkje trearbeidet. Det er det eit anna firma som Nor Teknikk AS har hyra inn som gjer. Det er dette firmaet som arbeider på sjølve nybygget, nothenget, på Snorrebuda. Gro Kjoss Lynge, avdelingsleiar på bygg i Nor Teknikk, kjenner ikkje til at arbeidarane på taket har vore dårleg sikra. Ho kan opplyse om at rutinane er at dei alltid har stillas når dei arbeidet på taket. Dette gjeld òg for underleverandørane deira. Dei held no på å demontere stillaset ved Snorrebuda, for å bruke det ein annan stad. Når stillaset ikkje er i bruk, skal det hengje eit skilt der om det. I denne perioden kan det vere at stillaset ikkje var forsvarleg. Kjoss Lynge seier at stillaset skal ha vore der når arbeidarane var på taket, men at dei utanlandske arbeidarane no har reist heim på påskeferie.