Politiet meiner framleis aktiviteten rundt Amfisenteret etter klokka eit på natta er svært liten. Dei held framleis fast på uttalen sin frå i haust om at dei ikkje vil tilrå at innkøyringa til parkeringsplassen ved senteret vert skilta slik Brattøra Eiendom AS har søkt om. Poltiførstebetjent Leif Arne Mork skriv i avslaget at politiet vil hyppig patruljere i området, og på det viset førebyggje mot uvettig og unødig bilkøyring.