Planområdet omfattar rv. 651 frå Volda idrettspark til Volda ferjekai og E39 frå Volda ferjekai til rundkøyring i Furene, kryss med rv. 653. Området, som er bandlagt i gjeldande kommunedelplan, inngår i planområdet, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen, og vidare: Utfordringar i prosjektet: • Det er bandlagt store areal for ei framtidig veglinje mellom Volda og Furene. Mykje av dette er sentrumsnært areal som det er ønske om å nytte til utbygging • Vegen gjennom sentrum av Volda er ueigna som stamveg pga. smal veg, krappe kurver og sentrumsbygningar • Det er relativ tett trafikk i forhold til vegstandard. Dette fører til redusert framkomst noko som er problematisk for kollektivtrafikken, og då særleg Timesekspressen • I sentrum fører trafikken til miljøulemper både for dei som bur langs vegen, og for mjuke trafikantar Regionale og nasjonale målsetjingar ved prosjektet: • Binde saman vegprosjekt som gir endra trafikkmønster: Rv. 653 Eiksundsambandet og E39 Kvivsvegen • Inngå i den langsiktige utbetringa av E39, nord-sør, som bind saman byane langs kysten. • Redusere reisetid • Betre forutsigbarheit, særleg for langdistansetransportar • Redusere talet på ulykker og ulykkeskostnadane totalt på trafikk mellom Volda og Furene Lokale målsetjingar ved prosjektet: • Avklare arealbruken i sentrum • Avlaste dagens veg og då særleg minske tungtrafikk gjennom sentrum • Redusere miljøulemper for naboar til E39 og sentrumsområdet i Volda Planprogrammet gir ei orientering om formålet med plan- og utgreiingsarbeidet. Det omfattar ei skildring av aktuelle alternativ for tunnel mellom Volda og Furene, samt 0-alternativet og eit alternativ med utbetring av dagens veg. Planprogrammet skildrar kva konsekvensar som er foreslått utgreidd og korleis vi vil informere og sikre medverknad. Planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker, i perioden 16. januar til 1. mars 2010 på følgjande stadar: • Volda kommune: Servicetorget, Volda rådhus • Ørsta kommune: Servicetorget, Ørsta rådhus Statens vegvesen: Ørsta trafikkstasjon og Avdeling Møre og Romsdal, kontor Ålesund Vestre Olsvikveg 13, 6022 ÅLESUND