Då Ulstein kommunestyre tidlegare denne månaden gav Quality Hotel Ulstein skjenkeløyve, slo dei fast at uteserveringa av alkohol omfatta øl og vin, ikkje brennevin. Hotelldirektør Odd Petter Meinseth har no sendt ny søknad til Ulstein kommune der han søkjer om permanent skjenkeløyve for brennevin utandørs, på hotellet sitt uteareal. Skjenkearealet vil bli merka slik lova krev og det vil bli teke omsyn til fri ferdsel rundt heile hotellet. Meinseth syner til at han har diskutert dette med ordførar Hannelore Måseide. Som kjend røysta Måseide i lag med Framstegspartiet, tre andre frå Arbeidarpartiet og ein frå Høgre for å gje hotellet lov til å servere brennevin utandørs på sist kommunestyremøte.

Skjenking på kinoen

Hotelldirektøren søkjer vidare om å få skjenkeløyve i kinolokalet ved arrangement i regi av hotellet. Han skriv vidare at det ikkje vil bli skjenking under offentlege filmframsyningar i kinosalen. Hotelldirektøren ser det som unaturleg å skjenke under visse kulturelle arrangement, som til dømes framsyningar som er retta med born og barnefamiliar.

Godt samarbeid

Hotelldirektør Meinseth avsluttar søknaden med at han ønskjer eit godt samarbeid med kommunen, med retningsliner og oppfølging av skjenkereglane.