Komen heim skrudde ho lyspærene inn i lysekrona og gjekk bort til brytaren for å slå på lampen. Då kom det ein lyd, og ut av den ein lyspæra siva det svart røyk. Straks etter sløkna ho heilt. Men i ei lita stund kom det sivande ein svart røykstråle ut av pæra og vidare ut i stova. Det synte seg at tuppen av pæra hadde blitt knust i eksplosjonen. Eg har aldri opplevd maken, og syntest det var nifst. Borna mine sat like ved og såg på TV, fortel kvinna. Ho gav seg til å leite etter glasbrotet frå lyspæra, men har ikkje funne det enno.

Tuppen på den 25w sterke pyntelyspæra sprakk då kvinna sette på lyset. Og ut kom det sivande heilt svart røyk.