I Ulstein var det Hans Otto Skeide som kom med den første meldinga om at han hadde høyrt gauken. Det skjedde Kristi himmelfartsdag, 13. mai, under ein tur til Snellelia. På veg fram mot Brørevatnet høyrde han brått eit klinkande klart KO-KO i lia nedanfor Sarshornet. Skeide stoppa opp for å høyre meir, men det kom ikkje fleire KO-KO enn dette eine. Han spør seg om det verkeleg kan vere gauken som kjem så tidleg, sjølv etter den lange vinteren – og om det er andre som har høyrt han i det siste? Og det er det. Steinar Mork i Morka på Hareid, høyrde gauken ein dag seinare. Rundt klokka 11.00 laurdag 15. mai. Då gol han så kjent i lia at det var ikkje til å ta feil av. Også Steinar Mork meiner dette er tidleg. Vanlegvis brukar dei ikkje å høyre galinga til gauken før rundt 20. mai. For ein del år tilbake lydde årets første KO-KO i Morka 14. mai, men det er uvanleg, meiner Steinar Mork.