Ulstein rådhus. Kommunen er den klart største skatteinnkrevjaren av kommunane på Søre Sunnmøre, viser Statistisk Sentralbyrå sine skatterekneskapstal for 2011. Foto: Liv Jorunn Nyhagen

Herøy kommune kjem som ein god nummer fem i fylket med vel 1,3 milliardar i innkravd skatt. Herøy var den kommunen som auka mest i fjor - med heile 29,8 prosent. Auken i Ulstein var på 16,7 prosent.

På Søre Sunnmøre var dei andre innkrevjingstala slik:

Ørsta 943 millionar.

Volda 771 millionar.

Hareid 439 millionar.

Vanylven 318 millionar.

Sande 235 millionar.

Alle kommunane på Søre Sunnmøre kravde inn meir skatt i 2011 enn i 2010, med unntak for Hareid, som hadde ein nedgang på 12,5 prosent. Forklaringa på nedgangen i Hareid skal vere at ei stor bedrift flytta hovudkontoret ut av kommunen i fjor, slik at skattepengane frå denne bedrifta sine arbeidstakarar i Hareid har vorte innkravde i ein annan kommune.

Vi gjer merksam på at det etter denne innkrevjinga kjem ei fordeling av skattepengane til den kommunen arbeidstakaren bur i.

2011-tala viser elles at alle kommunane på Søre Sunnmøre, med unntak for Herøy, får mindre skatt til eige bruk. Men dette blir kompensert gjennom oppjusterte rammeoverføringar frå staten - slik at nedgangen i skatt til eigen bruk i 2011 ikkje er samanliknbart med året før.

Kjelde: Statistisk Sentralbyrå.