Hareidslegen Ottar Grimstad åtvarar mot følgjene av den nye fastlegeforeskrifta. Foto: Iselin Nevstad Ãvrelid

I ein fersk artikkel på sin eigen blogg ber han staten snu og gå i samarbeid med KS og legeforeninga.

- Det er opprør i fastlegenorge over forslaget til ny fastlegeforskrift, skriv Grimstad, som meiner den nye forskrifta vil føre til auka tilvisingar frå fastlegane til sjukehusa, stikk i strid med intensjonane i samhandlingsreforma. Vidare vil fastlegar kome til å seie opp avtalane sine - og i staden drive heilprivat. Under desse vilkåra vil også erfarnefastlegar frårå yngre kollegaer å satse på allmennmedisin, slik at rekrutteringa stansar opp.

- Sviktande innsikt i praktiske konsekvensar

- Helse- og omsorgsdepartementet sitt forslag til ny forskrift er ikkje vellykka, skriv Grimstad, som hevdar at manglande samspel med KS og legeforeninga har ført til sviktande innsikt i dei praktiske konsekvensane.

Forslaget til ny forskrift gjer at legane får mindre høve til å prioritere arbeidsinnsatsen ut frå sine eigne medisinske vurderingar. Grunnen er at forskrifta pålegg legane utvida plikt til å delta i møte, utvida plikt til å kalle inn pasientar som ikkje bestiller time sjølv - og alt dette i kombinasjon med eit mykje sterkare krav til å gi alle rask time, utan høve til å prioritere dei med alvorleg sjukdom framfor attestar og liknande.

- Samtidig foreligg der ingen strategi for å auke talet på allmennlegar. Dette fører til eit press på legane si arbeidstid som må føre til kortare konsultasjonar, og at legane gjer mindre sjølve og henviser meir til sjukehus - stikk i strid med intensjonane i samhandlingsreforma.

- Dårlegare tilgang for dei med minst ressursar

Grimstad trur derfor ein må rekne med at mange allmennlegar finn dei nye rammevilkåra så vanskelege, at dei vil sjå seg tente med å gå ut av fastlegeordninga og drive heilprivat allmennpraksis utan refusjonsrett for pasientane. Desse legane vil vere utan vaktplikt og andre plikter i forhold til øvrige kommunale helsetenester. Ei slik deling av allmennlegetilbodet vil kunne skape dårlegare tilgang til helsetenester for dei med minst økonomiske ressursar, som også er dei med mest sjukdom og størst behov.

- Vi står i ein situasjon med stort behov for nyrekruttering av allmennlegar, både fordi mange erfarne allmennlegar nærmar seg pensjonsalder, og fordi både befolkning og oppgåver aukar. Vi treng også stabile allmennlegar, legar som vel å bli verande i faget over tid. Ein arbeidssituasjon med sterkt tidspress, sterk overordna kontroll og små mulegheiter for å prioritere eiga arbeidstid ut frå dei medisinske behova til pasientane, vil bli opplevt svært utilfredsstillande. Det vil skremme legar bort frå allmennlegetenesta, skriv Grimstad, som ber om at forskriftsforslaget blir lagt bort og at staten går tilbake til samarbeidslinja for vidareutvikling av fastlegeordninga i samarbeid med KS og legeforeninga.