Kvart år, 2. juledag, samlar spreke deltakarar seg til marsj rundt Dimnøya. I år kom 240 menneske for å ta del i arrangementet. Det er ny rekord. – I det fine vêret var det mange av dei yngste som hadde leita fram sykkelen til denne trimturen rundt øya, fortel Kathrin Riise som er leiar i trimnemnda i Dimna IL. Alle under 12 år fekk medaljar, men med deltaking langt over det som var forventa vart det dessverre ikkje nok medaljar til alle. – Trimnemnda er svært nøgde med at så mange nytta denne ettermiddagen til trim og sosialt samvær, påpeikar Riise. Trimnemnda hadde to drikkestasjonar. Ein på Kjærringneset og ein på Dimnaskulen.

Framme: Iver Mork, Malin, Sander og Henriette Gjerde. Bak f<B>. </B>v: Ove Dimmen med tvillingane; Anna og Louise, Bjørn Gjerde, Leif-Arne og Beate Mork, Lisbeth Overå, Sølvi Gjerde, Eldar Overå (Foto: Dimna IL).
Kari og John Kleven koste seg i det fine vêret (Foto: Dimna IL).