Norsk Journalistlag har varsla at 1700 journalistar i 122 mediebedrifter kan bli tatt ut i strek frå fredag 21. mai dersom dei ikkje aksepterer meklingsresultatet dagen før.

I tillegg til Sunnmørsposten og vikebladet Vestposten er det her i regionen avisene Møre-Nytt, Fjordingen og Fjordenes Tidene som blir tatt ut i streik i første pulje. NRK sine journalistar blir ikkje i streik.

Elin Flodberghagen, leiar i Norsk Journalistlag, seier i ein kommentar at NJ ikkje har tradisjon for å grunngje korleis uttaket er bestemt. Men uttaket er gjort ut frå tanken om ein heilskap og ei strategisk vurdering, og at det løpande vil bli vurdert ei opptrapping.

Kva tid det kan bli aktuelt med opptrapping vil ho ikkje seie noko om.

NJ-leiaren opplyser at medlemene i MBL-området jamnt over har hatt ei dårleg lønnsutvikling dei siste 10-12 åra. Ho synest krava til NJ er moderate, spesielt dersom ein samanlikar krava med det eigarane og leiarane i bedriftene tek ut.