- Vi registrerar Statnett si prioritering, men Tussa har ikkje klare preferansar for kva alternativ som er det beste. Det viktigaste for oss er å få utnytte dagens 132 kV sentralnettleidning frå Leivdal til Ørskog, også i framtida, seier Rune Kiperberg, adm. direktør i Tussa Nett i ei pressemelding. Vil utnytte dagens nett - Statnett meiner den vestlege traseen er best på grunn av fleksibilitet og nettsystemmessige forhold. Men samstundes kan dei også leve med det austlege alternativet, som er best sett utifrå miljøomsyn, opplyser Rune Kiperberg. Han understrekar at for Tussa er det mest tungtvegande å få utnytte dagens 132 kV sentralnett også i framtida. Uavhengig av om den vestlege eller austlege traseen blir valt. Stor aktivitet og nybygging Årsaka til det er stor aktivitet og ny kraftproduksjon i Hjørundfjorden og Austefjorden. - Vi har mellom anna nye kraftstasjonar på Trandal og Bjørke, og er i ferd med å greie ut to kraftverk på Standal. Då er det ein fordel å få levere til dagens 132 kV sentralnett via ny transformatorstasjon på Standal. Dette har vi søkt Statnett om løyve til å gjere, men vi har ikkje fått svar. Sannsynlegvis i påvente av trasevalet for det nye sentralnettet, seier Kiperberg. Også i Austefjorden blomstrar interessa for kraftproduksjon, og der opplever dei allereie nettmessige utfordringar for å få ut krafta. - Også her er det beste alternativet å byggje ny transformatorstasjon og levere krafta på dagens 132 kV sentralnett, seier Kiperberg. Miljømessig gevinst I tillegg ser Kiperberg ein miljømessig gevinst. - Vi får fjerna 66 kV leidinga som går frå Leivdal gjennom stigedalen, over Austefjorden og til Rotevassdalen, forklarar han. Deltek på ope møte Konsesjonssøknaden skal no ut på høyringsrunde. Fristen for å uttale seg er framleis ikkje klar. - Det vil også arrangerast folkemøte, der Tussa vil vere til stades, seier Kiperberg.