Asbjørg Garshol er redaktør for Blest, det nye magasinet til Ulstein kommune. Blest skal fungere for å skape gode vibrasjonar i folk og næringsliv for ulsteinsamfunnet. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Magasinet skal kome tre til fire gonger i året. Første nummeret kjem denne veka, neste nummeret tenkt på nyåret. Redaktør for magasinet er personalsjef Asbjørg Garshol i Ulstein kommune. Ho er glad for at rådmannen gjev henne lov til å nytte tid på dette.

Her er intervju med ulsteininnbyggjarane kommunelege Karsten Melø, sykkelhåpet Martin Nevstad Notøy, revyentusiast Trude Gurskevik Knotten og kokken Thor-Erik Andersen på Kaffikari.

Det er med ein artikkel om den store folkeauken i kommunen og Olga Støylen Runde har skrive ein tekst der ho spør om det er best å bu i Ulstein, illustrert av sonen og teikneserieskaparen Øystein Støylen Runde.

Bak i magasinet er det ei oversikt over kva som skjer på Sjøborg Kulturhus fram til jul.

Omdømebygging

Garshol forklarer at intensjonen med magasinet er å få fram korleis det er å bu i Ulstein. Dei vil få fram korleis innbyggjarane har det, utan å rosemåle.

– Bakgrunnen er at me vil vise at det er gode ting i Ulstein òg. Samstundes er ikkje alt veldig bra. Det er ikkje berre lett å få tomter og bustader, det er tema me er inne på i magasinet, utdjupar Garshol.

Kommunen har nytta to frilansarar til å skrive stoffet og noko har dei skrive sjølv. Men det er redaktøren som har hatt siste hand på verket. Det var viktig for kommunen at resultatet vart profesjonelt. Difor har dei ved utgjevinga av det første bladet kjøpt inn ein del flotte bilete og tekst.

Tradisjonelt har ikkje kommunen hatt så stort fokus på marknadsføring. Men no vil dei altså gje ut magasin for å marknadsføre Ulstein. Bladet blir sendt ut til alle husstandane i kommunen som c-post. I tillegg er det mogleg å laste ned magasinet frå nettsida til kommune, så òg studentar, utflyttarar og andre som er interessert i å lese om Ulstein kommune, kan lese bladet.

– God investering

Den første utgåva av magasinet kostar ein stad mellom 70 og 80 tusen kroner. I tillegg kjem utgiftene med porto. Garshol reknar med at dei neste nummera blir billegare, no som bladbunaden og rammene er lagde. Etter kvart vil dei tilsette i kommunane kanskje skrive meir sjølve òg. Dette vel Garshol frå utgjeving til utgjeving.

Rådmann Einar Vik Arset, som elles er travelt oppteken med å tenkje innsparingar og få neste års budsjett til å gå opp, meiner magasinet er ei god investering for kommunen.

Han seier at utgjevinga av Blest er godt forankra i arbeid kommunen har arbeidd med ei tid. Her får dei konkret synleggjere folk som vel å bu i Ulstein. Blest skal ikkje vere eit informasjonsorgan, til det har kommunen andre fora. I Blest er det fokus på dei gode historiene.

Arset vil gjerne sende magasinet til folk som ikkje bur i Ulstein i dag. Han meiner bladet kan fungere for å folk med iver, engasjement og kompetanse til å få lyst til å flytte til Ulstein kommune.

Asbjørg Garshol er redaktør for Blest, det nye magasinet til Ulstein kommune. Blest skal fungere for å skape gode vibrasjonar i folk og næringsliv for ulsteinsamfunnet.