Det melder Kommunal- og Regionaldepartementet i ei pressemelding.

Dei nominelle inntektene i Ulstein aukar med 12,3 millionar, noko som tilsvarer ein auke på 3.8 prosent.

I Hareid er auken på 11,1 milllionar, eller 5.9 prosent.

I Møre og Romsdal sett under eit aukar løyvingane med i overkant av 400 millionar kroner, medan Møre og Romsdal Fylkeskommune får 84 millionar kroner ekstra.

Prosentvis er det Volda som er den store budsjettvinnaren på Søre Sunnmøre, med ein nominell auke i inntektene på heile 7 prosent, eller 24,4 mlllionar kroner. Vanylven har lågast auke i inntektene med 2,4 prosent eller i overkant av 4 millionar kroner.

- Me legg til rette for at kommunane kan byggje ut velferdstenester i takt med befolkningsutviklinga. Slik sikrar me at kommunane har gode høve for å bygge ut skular, barnehagar og pleie- og omsorgstilbod til dei som treng dette, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- I tillegg kjem særskilte satsingar innan barnevern, rehabilitering av skular, symjebasseng, kyrkjer og fylkesvegar, investeringstilskot til sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar og pengar til mellom anna samhandling og rustiltak. Kommunane får meir pengar enn varsla i kommuneproposisjonen, seier Navarsete.

Den nominelle veksten i frie inntekter til kommunar og fylkeskommunar skal dekke både prisveksten og den reelle styrkinga av inntektene.