Velforeininga har blitt kontakta av fleire medlemer i laget og andre naboar som ber dei ta saka opp med politiet. Inger-Johanne Saunes har sendt brev frå Øvre Saunes Velforeining der ho ber Ytre Sunnmøre Lensmannskontor motivere teknisk etat ved Ulstein kommune om å finne ei løysing på kvelds-/nattebråket ved Amfisenteret i Ulsteinvik. Kvelds-/nattebråket ved senteret rammer dei som er naboar til senteret i så stor grad, at det i helgane er vanskeleg å få sove på natta. Naboar så langt som 300 meter vekk frå senteret er råka. Velforeininga kan opplyse om at støyen byrjar nokre timar før bowlinghallen stengjer, og held fram til eit par timar etter dei har stengt. Støyen består av rop, skrik og hyl frå ungdomar. Og det er rusing av bilmotorar, både på parkeringsplassen og i området rundt rundkøyringa. Problema er størst i vår- og sommarhalvåret, men nabolaget har høyrt bråk no i det siste òg. Bråket er verst i helgane, som fredags- og laurdagskveldane. Til tider har støyen vore så gale at nabolaget ikkje har kunne sove med opne vindauge om natta.

Ansvarsfråskriving

Øvre Saunes Velforeininga har merka seg at Brattøra Eigedom ikkje får setje opp innkjøring forbode skilt til parkeringsplassen. Grunngjevinga var delvis at støyen kan flytte seg til andre område av sentrum. Velforeininga reagerer på denne argumentasjonen og meiner ein må ha fokus på å løyse problema der dei er. Eit slikt argument blir tvert imot oppfatta som ei ansvarsfråskriving og viser liten vilje til å løyse det som for mange bebuarar er eit vesentleg problem, skriv Saunes og ber politiet gripe fatt i dette så fort som mogleg.

Klar over problemet

Lensmann Odd Kulø konstaterer at lensmannskontoret er klar over problemet. Saka var seinast oppe på morgonmøtet deira måndag. Dei har tidlegare blitt kontakta av fleire i nabolaget, og no har dei altså fått brev frå Øvre Saunes Velforeining. Kulø stadfestar at politiet patruljerer området ein del i helgane, seinast sist helg, men til no har dei registrert lite. Politiet vil halde fram med å patruljere området ofte ei tid frametter og følgje opp så langt som råd etter dei ressursane dei har til rådvelde. Kva med å skilte området? Ja, det er eit forslag som har vore oppe tidlegare. Men det er opp til kommune eller vegvesen, ikkje politiet, svarer Kulø. Men då framlegget var oppe i haust ville ikkje politiet tilrå kommunen å setje opp skilt, difor vart det ikkje noko av. Det er ikkje politiet som set opp skilt. Kommunen vel sjølv om dei vil følgje tilrådinga vår eller ikkje, seier Kulø. Men legg ikkje skjul på at han har lite til overs for ein skiltjungel, der det blir vanskeleg å handheve alle skilta. Han ser ikkje på eit skilt som noko løysing på problemet. Han vil oppmode dei som er plaga med bråk om å varsle ifrå til politiet når det foregår. Då blir problemet lettare å gripe fatt i for politiet. Om dei ikkje kan rykkje ut å vere på pletten med ein gong, vil dei då ha det notert, og slik ha noko å halde seg til. Til no har gjerne folk klaga i etterkant, dei bør varsle ifrå når det skjer, er den klare oppmodinga frå lensmann Kulø.