Hareid kyrkje var fint pynta, med glitrande stjerner og englar til julehøgtida, og i dag, 1. juledag, var om lag 150 menneske samla i kyrkja for å delta på høgmessa ved vikarprest Svein Olav Nilsen. Hjørungavåg Brass og ei gruppe frå Hareid Kammerkor deltok med vakker song og musikk. På repertoaret stod blant anna "Mitt hjerte alltid vanker", "Fra fjord og fjære" "Eg synger jolekvad" "Glade jol, heilage jol" og "I dag er fødd ein frelsar stor". Nokre var òg komne for å vere med i dåp, og det var også nattverd under høgmessa. Prest Svein Olav Nilsen oppfordra kyrkjelyden til å ikkje leve berre for seg sjølve og søkje vekk ifrå egosentrismen. – Å vere opptekne av kvarandre og spreie lys og varme er viktig. Spesielt no i juletida, sa Nilsen. På julaftan var det to familiegudstenester i Hareid kyrkje, ei klokka 14.30 og ei klokka 16.00. På den første var det over 400 menneske som møtte opp, og på den andre var det rundt 350 menneske som gjekk til kyrkje. Begge gudstenestene var leia av sokneprest Michal Møgster.

Gudsteneste i Ulstein kyrkje

I Ulstein kyrkje var det òg to familiegudstenester julaftan ved vikarprest Lars Erling Hovlid, der det var over 400 menneske til stades ved begge gudstenestene. Gudstenesta hadde song ved Korklubben, dirigert av Beate Mjøen Berg og kyrkjelyden tok del gjennom vakker song av dei kjende julesalmane "Her kjem me, Jesus, dine små", "Eg synger jolekvad", Eit barn er født i Betlehem", "Det lyser i stille grender" og "Deilig er jorden". Det var òg høgmesse i Ulstein kyrkje 1. juledag, leia av sokneprest Michal Møgster.

Hjørungavåg Brass stod for musikken under høgmessa i Hareid kyrkje 1. juledag.