Rakel Lorentzen er ein av mange elevar på åttande trinn ved Ulstein ungdomsskule som den siste tida har fått påvist koronasmitte. Også tiande trinn ved skulen er hardt råka.

– Det kjennest eigentleg mest ut som ei lita forkjøling. Så eg har ikkje blitt spesielt sjuk av viruset. Både eg og mamma er vaksinerte – så litt av forklaringa på at eg ikkje har blitt så sjuk trur eg ligg der, seier Rakel til Vikebladet Vestposten.

Sovna på sofaen

Torsdag formiddag tok lokalavisa ein prat med Rakel og mora Kate Leila Veddegjerde via telefon. Dei sat då i isolasjon heime. Etter planen var dette siste dag i isolasjon for Rakel – medan mora må vente til neste veke – fordi ho uheldigvis var nokre dagar for seint ute med å ta vaksinedose nummer tre.

– Eg merka det først på skule, torsdag i førre veke. Eg kjente det også fredagen – og då eg kom heim etter skule sovna eg på sofaen, seier Rakel.

Mora fortel at Rakel verka sliten både fredag ettermiddag og kveld – og at dottera tok ein hurtigtest for å sjå om ho hadde fått korona. Derimot viste testen berre éin strek.

– Rakel venta difor til laurdag morgon med å ta ny test, og då kom det to strek, seier Kate Leila.

Som sjølv tok ein test seinast denne torsdagen – som var negativ. Det – sjølv etter nesten ei veke i isolasjon saman med dottera.

Rakel er som nemnt i utgangspunktet ute av isolasjon fredag – men blir også heime frå skule denne dagen – i samråd med kommuneoverlegen.

– Litt rart

Rakel vedgår at det var spesielt å sjå at ho hadde fått positivt utslag på hurtigtesten. Etter det ho og mora kjenner til – var Rakel den første i klasse 8C ved ungdomsskulen som fekk positiv koronatest – etter at ein klassekamerat som ikkje hadde vore på skulen fekk det litt tidlegare i veka.

– Det var litt overraskande, ja. Og etter at eg fekk positiv test, er det enno fleire på åttande trinn som har fått det, seier Rakel, som seier at ho har tatt test kvar morgon før skule – men at dei var negative.

Trist å ikkje få feire bursdagen

Det verste for Rakel var at ho eigentleg skulle feire bursdagen sin med venninnebesøk i helga. Ho blei nemleg 14 år søndag.

– Det var ein nedtur, men samstundes er det greitt å vite at eg ikkje smittar andre, seier Rakel.

Som likevel fekk ei lita feiring, saman med mora Kate Leila.

Storebroren, som går på vidaregåande, har heller ikkje blitt smitta – då han har vore hos faren den siste tida.

– Vi har heilt medvite gjort det slik at broren er hos faren heilt til dette har fått rasa ifrå seg. Han fekk akkurat returnere til fysisk undervising igjen på måndag – og vi ville ikkje øydeleggje det for han.

Får mykje god hjelp

Begge to er veldig glade for all den gode hjelpa dei får frå familie, vener og gode naboar.

– Vi har eit koppel av fine folk rundt oss som nesten står i kø for å hjelpe til med kva enn det skal vere. Det er veldig godt å vite at vi har mange som tek vare på oss, seier Rakel og Kate Leila til slutt.