Klokka 18.30 vart Høddvoll-teltet på Youngstorget opna, og i løpet av ein time strøymde nokre hundre Hødd-supporterar til.Tre kvarter seinare vart finalehelga offisielt opna. Konferiansier Fredrik Steen fekk med seg Ulstein-ordførar Jan Berset og Oslo-ordførar Fabian Stang.Stang ville ikkje signalisere kva lag han held med i cupfinalen, sidan han også har ei liknande rolle i Tromsø-teltet. Men ordføraren uttala at han likte Hødd sin blåfarge (Stang er Høgre-ordførar journ. anm), og at han var imponert engasjementet rundt Hødd. Som gåve fekk Stang eit Hødd-skjerf og ei pærebrus med cupfinalelogo.Jan Berset er frå Ålesund, men understreka at han føler seg som ein ekte ulsteinvikar etter å ha budd der i over 40 år.

- Den entusiasmen i Ulstein som er no har eg aldri opplevd før. Og festen vil halde fram langt utover søndagen, sa Berset.

Han tippar Hødd vinn 2-1. Fredrik Steen trur det blir heile 4-1 til blåtrøyene.

Festen held fram utover fredagen med musikk frå Exposed To Failure og Vassendgutane.