Med eit godt grep om mamma: Liudmyla og borna Viktoriia og Rostyslav er no offisielt busett i Ulsteinvik sentrum - men utsikt mot storhavet. - Vi er så utruleg takksame, seier Liudmyla. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Mange er alt busette i Ulstein: – Vi er så utruleg takksame for å vere her

Heime i Ukraina sin nest største by, Kharkiv, underviste Liudmyla i engelsk på universitetsnivå. No er ho og hennar to born på flukt frå krigen i heimlandet. Vi blei med då familien flytta frå mottaket til leilegheita dei er busett i, heilt sentralt i Ulsteinvik.