Butikken vil liggje i Blåhuset og blir dimed Lindex sin 97. butikk i Noreg.

Den 700 kvadratmeter store butikken ligg i 2. etasje i Blåhuset og opnar mai 2012.

Lindex sel dameklede, barneklede, undertøy og kosmetikk. Innreiinga blir etter motekjeda sitt nyaste butikkonsept med eit moderne shoppingmiljø, heiter det i pressemeldinga.

– Vi tilbyr inspirerande og prisgunstig mote for alle anledningar, samt ei stadig fornying av sortimentet vårt. Det er korleis me kombinerer moten vår som gjer at kundane vel Lindex, seier Hanne Leino, Landssjef i Noreg.

– Vi er forventningsfulle for etableringa i Ulsteinvik og er glade for at vi kan tilby Ulsteinvik mote og kvalitet til beste pris. Vi valde Ulsteinvik fordi lokalmarknaden aukar og Blåhuset fordi det er eit hyggeleg og litt annleis senter der kundeopplevinga står ekstra i fokus. Vi har hatt ein veldig god dialog med utleigar og ser fram til eit godt samarbeid og ei spennande etablering i Ulsteinvik, seier Pål Egeland, Etableringssjef i Lindex Noreg.