Hatløya slapp ikkje fri frå stormen “Dagmar” 1. juledag. Med orkan i kasta kom “Dagmar” feiande innover Hatløy, rotvelta store mengder med grantre, øydela kommunekaia og tok straumen frå mange hytteeigarar. Men ingen av husa eller hyttene på øya vart skadde.

Store deler av granskogen på Hatløya er rasert.

Kommunekaia og landgangen på Hatløya fekk hard medfart 1. juledag. Foto: Anne Gry eilertsen
“Dagmar” jobba kraftig på Hatløya 1. juledag. Foto: Lars Nordhaug
Karane blir små under rotvelta grantre. Foto: Lars Nordhaug
Store mengder tre vart feia over ende 1. juledag på Hatløya. Foto: Lars Nordhaug