Spar på Hareid har starta på eit utvidingsarbeid som vil gi butikken om lag 500 kvm større plass å boltre seg på. For tida er firmaet Brekke & Kleppe i ferd med å grave ut og fjerne masse i bak-kant av dagens bygg. Når dei har grave seg om lag 15 meter bakover, kjem neste steg: Fundamentering og bygging. Wenche Edvardsen fortel at butikkutvidinga skal vere på plass til i juni og at butikken då vil ha auka både ordinært butikkareal og lager.