Styret for Møre barne- og ungdomsskule ønskjer at foreldra skal sleppe dugnadsarbeid og utgifter i samband med skuletur for 10.-klassingane. Foto: Anne Gry Eilertsen

Den stor den konkrete summen er, vil ikkje rektor Arve Fiskerstrand ut med. Men han legg til at summen er stor nok til 20–30 elevar, pluss lærarar kan få reise på gratistur til Polen.

Om det blir Polen som blir målet med turen, anten hausten 2012 eller våren 2013, er forresten ikkje avgjort. Reisemålet skal skulen drøfte med foreldra og elevane.

– Når Møre barne- og ungdomsskule sjølve tek kostnadene, har vi meir påverking på kvar turen skal gå, kommenterer Fiskerstrand.

Det som er klart er at fagleg fokus på turen blir 2. verdskrig, Holocaust, Bibelen og historie. I tillegg vil det bli lagt vekt på eit godt sosialt fellesskap og samlingar med eit kristeleg fellesskap.

Møre barne- og ungdomsskule i Dragsund har om lag 100 elevar, og det er 10.-klassingane som får reise på tur.

Skulen har også tidlegare sendt elevane på tur til Tyskland og Polen, ut frå same modell som den kommunale skulen i Herøy.

– Styret har kome fram til at dei vil lette trykket som foreldregruppa har hatt med å skaffe middel til desse turane. Vi har også merka oss at Fylkesmannen har blitt strengare i tolkinga si av gratisprinsippet. Derfor har vi bestemt oss for å ta kostnadene sjølve, forklarer Fiskerstrand.

Det har vore tradisjon at ein del foreldre også blir med på desse turane. Det håper rektor at det framleis vil bli, sjølv om foreldra må betale utgiftene sjølve.

Dersom det er elevar som ikkje vil vere med på turen, vil dei få tilbod om alternativ undervisning heime.