Sion Gurskøy er ein pinsekyrkjelyd som femner store deler av Ytre Søre Sunnmøre. Sidan 1975 har kyrkjelyden hatt tre pastorar og tre leiande eldste, noko som inneber at det også har vore periodar utan pastor, men med leiande eldste på Sion. Leiande eldste har då hatt same funksjonen som det ein pastor har hatt. – Når no Arvid G. Larsen ønskte å avslutte tenesta si som pastor frå årsskiftet, inneber det at leiarskapet må halde fram og intensivere arbeidet med å få ny pastor. Dei to siste åra har det blitt arbeidd med dette, men førebels utan resultat. Mellombels kontaktperson for Sion blir Geir Idar Knotten heiter det i ei pressemelding frå leiarskapen i kyrkjelyden. – At Arvid ønskjer å omprioritere noko av tida si, er forståeleg då han er ein mann med mange jarn i elden. I tillegg til å vere lærar ved Gursken skule, leier han misjonsorganisasjonen ”Hands of Grace”, med arbeid både i Bulgaria, Rwanda og Burundi i Afrika. Dessutan reiser han i Noreg som evangelist, noko han hadde meir høve til før han vart pastor på Sion. Dette vil han også prioritere meir framover. Det er ikkje vanskeleg å legge merke til at misjonæren og evangelisten Arvid G. Larsen brenn for dei vanskelegstilte i Afrika og Bulgaria. Hans engasjement i misjonsarbeidet kjem vi difor til å merke også vidare framover på Sion, heiter det i pressemeldinga. På Sion sin årlege julefest 29. desember vart Arvid og kona Ellen Marie takka for sin store innsats som pastorpar på Sion. – Arvid har vore ein pastor som ikkje har vore redd for å ta i eit tak uansett kva oppgåva skulle vere. Villig, positiv og engasjert, er noko av det som kjenneteiknar han mest, men ikkje minst hans tanke og arbeid om felleskristeleg samarbeid. Dette har ført til at han har mange og gode vennskap i ulike kristne kyrkjer og miljø og også utanfor desse. Dette, kombinert med at han har ein utruleg arbeidskapasitet, og er ein god forkynnar, gjer at vi kjem til å sakne Arvid som pastor på Sion. Han vil framleis vere engasjert i kyrkjelyden. Vi ønskjer Ellen Marie og Arvid Guds rike velsigning i livet vidare, og i arbeidet som ligg føre dei, skriv leiarskapen i Sion i pressemeldinga.