Førre veke presenterte avisene konjunkturbarometeret til Statistisk Sentralbyrå for siste kvartal 2006. Industrileiarane er endå meir optimistiske enn kvartalet før. Mangelen på arbeidskraft har ikkje lagt nokon dempar på framtidstrua. Barometeret for industrien viser auka produksjonsvolum og betre kapasitetsutnytting; sysselsetjinga veks vidare, ordretilgangen er høg - samtidig som marknadsprisane stig både heime og ute. Alt dette driv utviklinga og optimismen mot nye høgder. For fleire av industrigreinene er utsiktene ikkje berre gode, men “meget gode”. Dette gjeld mellom andre verkstadindustrien. Statistisk Sentralbyrå har arbeidd med ei samla konjunkturvurdering - ein indikator - sidan 1999. Justerer vi for sesongsvingingar, er denne indikatoren no den høgste på dei sju åra han har eksistert. I ein slik situasjon kan det vere freistande å minne om den gamle klisjeen: “Ikkje noko tre veks inn i himmelen”. * For det er ingen tvil om at det har gått i bølgjer for industrinasjonen Norge. Det var i si tid også slik at industrien kom til landet i bølgjer - frå midten av 1800-talet. Tekstilindustrien først, verkstadindustri og treforedling i 1870-80-åra, og så elektrobasert industri utover på 1890-talet. I åra etter unionsoppløysinga framover mot Første verdskrigen passerte industrien norsk landbruk og fiske i produksjonsverdi. Mellomkrigstida var ei tung tid, men då landet skulle byggjast etter 1945, skaut industrien fart for alvor. Regjeringa satsa på industrialisering som ein langsiktig økonomisk strategi for å modernisere landet. Gerhardsen & co prioriterte investeringane i industrien. Gjennom auka industriell produksjonsevne ville Arbeidarpartiet setje visjonane om velferdssamfunnet ut i livet. – Ny eksportindustri skulle skaffe valuta og varer frå utlandet; ny heimeindustri skulle redusere trongen for importvarer. (Berge Furre). Gjennom billig fossekraft låg det til rette for ei storstilt satsing på kraftslukande metallurgisk industri. Staten tok mange tunge investeringslyft - sidan det var knapt med privat kapital. Offentleg kraftutbygging var beresøyler i utviklinga i åra etter at tyskarane hadde rømt landet. Veksten i Norge var stor også utover på 60-talet, og industrien var drivkrafta: – Industriens førerang var sjølvsagd for dei fleste. Velviljen strøymde mot næringa frå alle parti. Industrien var høna som la gullegget, og som måtte stellast fint med. Stat og industri samarbeidde om å leggje tilhøva til rette for større industrivekst gjennom indirekte verkemiddel, skriv Berge Furre i boka si om det førre hundreåret. I siste halvdel av 1970-talet slo ei internasjonal krise inn i norsk økonomi - og råka industrien hardt. Regjeringa prøvde å halde sysselsetjinga opp gjennom ein ekspansiv økonomisk politikk; skipsreiarar og skipsverft fekk hjelp til å halde det gåande. Men kostnadsnivået i Norge steig til høgder langt over konkurrentlanda, og arbeidsløysa melde seg. Samtidig vaks verksemda i Nordsjøen fram og saug til seg kapital og høgt kvalifisert arbeidskraft som kunne ha gått til fastlandsindustrien. Heile 50.000 industriarbeidsplassar fordufta på slutten av 1970-talet, og for skipsbygginga var desse åra ein katastrofe. Men dei verfta som retta blikket mot forsyningsmarknaden i Nordsjøen, greidde seg bra. * Då utflaggingstakta og arbeidsløysa skaut i vêret utover i 2003, høyrde vi igjen forståsegpåarar som snakka om “det etterindustrielle samfunnet”. Vi skulle ikkje lenger drive med industri i tradisjonell forstand i dette landet. Vi burde kaste blikket mot feitare og meir framtidsretta aktivitetar. Så skifte tidene igjen; det skulle vise seg at industrinasjonen Norge lever igjen i beste velgåande. Ikkje minst merkar vi dette lokalt. Som eg peikte på i denne spalta i haust: – Det norske oljeeventyret i Nordsjøen har blitt ein global odyssè som overrislar offshorereiarlag, riggselskap, verft og utstyrsleverandørar med oppdrag. Om det ikkje skjer noko drastisk med dei internasjonale konjunkturane og med kronekursen, kan dette var ei stund til. Men berre Vårherre veit når konjunkturane svingar; og kanskje har slike svingingar ein gunstig effekt på den økonomiske veksten i eit land - i eit meir langsiktig perspektiv. Der finst internasjonalt kjende økonomar som snakkar om “konstruktiv øydelegging”: I lågkonjunkturar veltar dei minst effektive bedriftene, og dermed frigjer dei arbeidskraft til dei meir effektive og lønnsame. Bra i eit langsiktig perspektiv, men smertefullt i augneblinken. God helg! asle. geir@vikebladet.no