NRK Møre og Romsdal melde i romjula at mange ektepar kjem i romjula fram til at dei vil skilje seg. I jula får me mange timar i lag med familien, og det blir ekstra god tid til å irritere seg over partnaren. Men der finst råd. Studiar viser at par som har gått på PREP-kurs har opp til 50 prosent større sannsyn for å bli i parforholdet og ikkje minst vere nøgd med det, enn par som ikkje har fått denne kunnskapen og treninga. PREP i fullversjon Kurset som folkehøgskulen vil tilby er eit såkalla PREP i fullversjon. Det blir eit helgekurs med til saman 12–15 timar med program. Eigeninnsatsen er avgjerande for å få utbyte av samlivskurset. Det blir sett av tid til parvise samtalar og øvingar denne helga. For å skjerme para sitt privatliv er det ikkje lagt opp til gruppearbeid. Målgruppa for kurset er par frå 20 år til 45 år som ønskjer å gjere eit OK samliv endå betre. Kurset skal òg gje hjelp til å kunne handtere problem i parforholdet på ein trygg og god måte. Røynde kurshaldarar Kurshaldarane er Bjørk Matheasdatter og Eiel Holten frå Duo parutvikling. Dei har arbeidd med samlivskurs i mange år, mellom anna gjennom Modum bad. Dei blir av mange rekna som dei beste føredragshaldarane på feltet. Dei er kjende for å vere kreative og underhaldande i måte dei formidlar viktige tema. Dei nyttar verkemiddel som film, litteratur, rollespel og musikk kombinert med stor innleving og humor. Om programmet Forskarane bak PREP har funne fram til fire formar for kommunikasjonssvikt som verkar øydeleggjande på samliv. På kurset blir desse faresignala presenterte. Eit viktig kurstema er kva ein bør gjere om ein ser faresignala, for å stogge ei negativ utvikling. Mange gonger blir usemje forstørra for at folk snakkar forbi kvarandre. Dette kurset vil gje trening i å kommunisere på ein trygg måte, der ein handterer usemje og konflikt godt. Samlivskurset reklamerer med å gjere para medvitne på tema som venskap, glede, grunnverdiar og livssyn, seksualitet, sensualitet, tilgjeving og forplikting. Og kurset vil hjelpe para til å sjå gleda midt i den travle kvardagen. Litt luksus Sunnmøre folkehøgskule vil gjere sitt beste for å gjere helga minnerik. Dei vil varte opp med god mat, flotte rom med gode senger og vakker utsikt. Der vil vere varm badstue og dei vil fyre opp i stampen med utsikt opp i stjernene. Elles lokkar dei med gode turterreng rundt folkehøgskulen. Beate Hopland Langnes og Lars Erling Hovlid er ansvarlege for kurset. Dei ser på kurset som ei god investering for framtida.
Nyhende →
Kurs for å finne gleda i den travle kvardagen
Jula er ei tid mange par finn ut at dei vil skilje seg. For å førebyggje samlivsbrot tilbyr Sunnmøre folkehøgskule samlivskurs 19.–21. mars.