Ordførar Gunn Berit Gjerde meiner at området frå "Shellkaia" og nord til molofestet er lite vakkert. - Det trengs ei oppstramming med ein skikkeleg kaifront over heile strekninga, slår ho fast. Leiar og nestleiar i Hareid småbåtlag, Idar Kaldhol og Johan Eksund, er samde. No vil dei setje i gang ein spleiseprosess med kommunen. Småbåtlaget, som organiserer 210 båteigarar, vurderer i tillegg ei mindre flytting av klubbhuset sitt og ei forlenging av gjestebrygga. I tillegg vil dei ha miljøstasjon for både bilar og båtar - og eigen parkeringsplass for bubilar. Då kan Hareid hamn bli ein verkeleg attraktiv stad å mellomlande. Gunn Berit Gjerde meiner at ei oppgradering av området vil tene både turistane og lokalbefolkninga. - Hareid har ei god hamn, men her er enno veldig mykje areal som ikkje er tillaga. Ein del av det er heller ikkje i bruk, kommenterer ho og legg til at ein samtidig vil få vidareført promenadevegen utover frå ferje- og snøggbåtkaiene. - Vi set no i gang ein spleiseprosess. Det første steget blir å la ein arkitekt kome med eit planforslag. Så må småbåtlaget få drøfte planane og kome med innspel. Vi må også få Kystverket i tale, sidan det er dei som eig hamna, seier ordføraren, som håper prosessen kan kome fort i gang og at ytre hamneområde om ikkje altfor lenge kan få ei sårt tiltrengd oppgradering.