Langevåg kyrkje skal få seg nytt kyrkjeorgel, og sel ut dei gamle orgelpipene for å reise midlar. Tafjord Kraftvarme kjøpte fire orgelpiper som er sett opp ved inngangen. Ved avdukinga 22. mars ljoma ein fin trudelutt frå pipene. Tonane er det prosjektingeniørane Roar Løken og Oddmund Torben i Ulstein Elektro avdeling Automasjon som har skapt. Vi programmerte en melodi, og la inn betjening på overordna skjermsystem. Planen vidare er at det kvar dag klokka tolv skal kome nokre tonar, alt etter kor mykje Tafjord Kraftvarme har klart å forbrenne. Er forbrenninga låg, blir det ein djup, trist tone. Er ho på topp, blir det ein munter melodi, fortel Roar Løken. Både han og kollega Oddmund Torben synest oppdraget har vore eit morosamt avbrekk i kvardagen. Orgetoneprosjektet er av det meir kuriøse Ulstein Elektro har gjort for kraftselskapet. Dei siste tre åra har selskapet hatt kontraktar på over ti millionar kroner med Tafjord Kraftvarme.