Elevane Hege Ertesvåg, Marianne Ertesvåg og Bjørnar Fjelle på Ulstein vidaregåande skule må kvar dag ta bussen til og frå skulen. Dei bur på Garsholhaugen og har for farleg skuleveg til at dei kan gå. Det går ikkje an å gå til skulen via sjukeheimssvingane, seier Marianne Ertesvåg oppgjeven. Der er korkje fortau eller lys, sukkar systera Hege Ertesvåg. Bjørnar Fjelle fortel at dei i dag betaler månadskort på bussen sjølve. Det kostar dei 420 kroner i månaden. Det blir ganske dyrt når me er to, synest Hege Ertesvåg. Hadde elevane budd seks kilometer unna skulen, hadde dei hatt krav på gratis skuleskyss. Men det er òg reglar som seier at om skulevegen er farleg, kan dei krevje gratis skyss. Det er denne ordninga foreldra til elevane på Garsholhaugen meinte borna deira burde kome inn under. Strekninga langs riksvegen frå Garsholhaugen og til Ulstein vidaregåande høver verken for syklande eller gåande. Dei har difor søkt fylkeskommunen om å få dekt skuleskyssen. Men administrasjonen i fylkeskommunen gav dei avslag på søknaden. Men foreldra klaga på avslaget.

Over 6 kilometer

Klaga var i går oppe til handsaming i fylkesutvalet. Innstillinga før møtet var å ikkje gje elevane medhald, men fylkespolitikar Gunn Berit Gjerde (V) fekk snudd saka. Ho kjenner vegen og talte elevane si sak på møtet. Det ende med at alle partia gav elevane medhald, og vedtok at elevane skal få gratis skuleskyss. I tillegg sende fylkespolitikarane over ei sak til samferdsleavdelinga i fylket der dei ber dei sjå på likande saker. Regelen om seks kilometer står framleis ved lag. Men i dette tilfellet blir skulevegen meir enn seks kilometer for elevane. For dei kan ikkje gå sjukeheimssvingane, forklarer Gjerde. Når elevane går utanom den farlege vegen, blir skulevegen over seks kilometer. Såleis har dei krav på gratis skuleskyss.