Iflg. Finansavisen vart det rekordtal for Havila Shipping i 2006, og dei kallar reiarlaget for ein "sjøsterk Sunnmøring". Svært gode spotratar for siste kvartal i fjor har ført til rekordinntekter og kursoppgang for supplynæringa. Havila sel no unna gamle båtar og har heile 11 avanserte nybyggingsprosjekt på gang. Høgare krav til båtar og kompetanse er nøkkelord for dei nye prosjekta til reiarlaget. Med dei nye fartya vil reiarlaget kome sterkare inn på marknaden for ankerhandtering(AHTS) og subsea. Operasjonsfelta vil hovudsakleg verte Øst-Asia, skriv Finansavisen. Havila synest dermed å vere i ferd med å manøvrere eg bort frå Nordsjømarknaden som er venta å verte redusert i åra framover. I Havila Shipping veit dei at tidene kan gå både opp og ned. Finansavisen nemner deira forretningsstrategi som sunnmørsk bedehus-nøktern. Reiarlaget føler seg trygg for at den gode marknaden vil halde seg ut 2008, men ingen kan eigentleg vite sikkert korleis utviklinga framover vil verte, uttalar adm.dir. Njål Sævik til avsa. Med eit driftsresultat på kr 347,6 mill. før skatt for 2006 gjer styret i reiarlaget framlegg om ei tilbakebetaling til aksjonærane med kr 3,50 per aksje.