Rådmann Arne Gunnar Aschehoug tilrådde formannskapet å avslå søknaden frå Haven Prosjekt om å få kjøpe kommunal grunn i Åsen. Rådmannen viste mellom anna til at kommunestyret gjennom kommuneplanen har vedteke anna bruk for området. Jon Gjerde (Ap.) var glad for rådmannens tilråding. Han peika på at området er LNF-område. Det er eit viktig friluftsområde som vi må sikre oss for framtida. Det vil ikkje vere rett om berre dei rikaste skal ha glede av det, poengterte Gjerde. Fungerande ordførar Willy Nesset (Tvp.) understreka at det er fint at Haven Prosjekter ved Glenn Thoresen engasjerer seg i prosjekt i Hareid kommune. Han opplyste at han i samtalar med Thoresen hadde signalisert at det var tvilsamt om formannskapet ville frigjere det aktuelle området til hytteutbygging. Men eg synest vi skal ta oss tid til å setje oss ned saman med leiinga i Haven Prosjekt for å diskutere engasjementet deira i kommunen. Det trur eg dei hadde sett stor pris på, understreka Willy Nesset. Både Perny Ann Nilsen (Frp.) og Kjersti Røyset Topphol (KrF.) viste til at det ikkje var lenge sidan kommuneplanen vart vedteken, og at det aktuelle området er vedteke å vere LNF-område. Då ligg det i korta at det ikkje skal regulerast til hyttefelt.