For vel eit år sidan starta Terje Grønmyr frå Ulsteinvik firmaet Vital Helse Nordvest. Ideen til dette selskapet selde han for litt sidan vidare til Alliance Boots. Tilbodet har eigentleg alt starta i Ulsteinvik. I dei noverande lokala våre i Vikemyra sel vi både sjukepleiarartiklar og andre hjelpemiddel, opplyser Grønmyr. Men når Trygdekontoret i august flyttar opp ein etasje og blir til NAV saman med Aetat, inntek Alliance Bandagistapotek lokalet på gateplan. Vi har gjort granskingar, og har konkludert med at det er rom for to apotek i Ulsteinvik. Vi blir eit bandagistapotek med sterk fagkompetanse, og med eit tilbod som folk på Søre Sunnmøre ikkje har hatt før. I tillegg til eit rikhaldig utval av bandagistutstyr, vil apoteket legemiddel, kosttilskot og ein god del treningsprodukt.

3 farmasøytar, to sjukepleiarar

Åtte tilsette skal jobbe ved apoteket. Blant desse er farmasøyt Sondre Myklebust som blir driftskonsesjonær. Myklebust har studert i Oslo og jobba ved apotek i Svolvær før han vende tilbake til Sunnmøre og farmasøytstilling ved sjukehusapoteket i Ålesund. Snart er han tilbake som farmasøyt i heimbygda. Også to andre farmasøytar vert tilsett. Det same er tre apotekteknikarar og to sjukepleiarar. Vi kjem til å legge vekt på både det faglege og på servicen, lovar Terje Grønmyr, som blir salsleiar.

Heimebesøk og heimkøyring av varer

Blant tenestene dei vil tilby er at kundane kan få samtale med ein fast kontaktperson ved apoteket. Etter avtale kan tilsette også kome på heimebesøk. Kundane kan få rettleiing av farmasøyt og sjukepleiar, og apoteket tilbyr gratis heimkøyring både av medisinar og sjukepleieartiklar. For folk som til dømes er plaga med ufrivillig vasslating (inkontinens), kan det vere eit problem å hente store bleiepakkar på apoteket. Problemet kan bli litt mindre når apoteket køyrer utstyret heim til avtalt tid. Pakkar ut og tek med seg emballasjen tilbake til apoteket, som skal ha eiga bodteneste. Diskresjon blir eit viktig stikkord for oss. Ved apoteket vil vi ha eit eige rom for samtalar, men dersom til dømes ein stomioperert, heller vil ha ein av sjukepleiarane våre heim til seg for rettleiing og opplæring av korleis utstyret skal brukast, så gjer vi det kostnadsfritt. Innan bandagistbransjen er det ein heil jungel av produkt, og rettleiing er viktig. Alliance Apotek kan levere alle produkt som er godkjende av Rikstrygdeverket for refusjon på blå resept. Alliance apotek samarbeider med Medi3 i Ålesund, som satsar sterkt på skipsmedisin. Farmasøyt Sonde Myklebust slår fast at skipsmedisin vil vere ei naturleg satsing også for det nye apoteket i Ulsteinvik.