- Eg er både glad og overraska over sigeren, og synest sjølvsagt det er svært hyggeleg, seier Håvard Myklebust. Han er til dagleg elev ved Volda vgs og er på fritida ein aktiv fotograf, som ikkje minst knipsar mange naturmotiv. Fotoutstyret fekk han sist jul, og sidan då er det blitt mange turar og mange motiv. Sjølve vinnarbildet er teke ein aprildag på Urkesdalstinden Juryen seier om bildet til Håvard Myklebust: "Eit motiv fylt av livskraft, vågemot og kompetanse, i spektakulære omgjevnader og med ein komposisjon og eit teknisk nivå som er imponerande" Det var i i november at fylkesplansjef Ole Helge Haugen inviterte skuleungdom og studentar til å sende inn bilde knytt til hovudsatsingsområda i fylkesplanen: Kultur, kompetanse og verdiskaping. Responsen var god, og det kom inn bilde frå ungdom i alle regionar i fylket. Fylkesplansjef Ole Helge Haugen, som leia juryarbeidet, seier at det kom inn mange spennande motiv til konkurransen, og det var ei krevjande oppgåve å plukke ut vinnarane: - Vi ser at det er mykje kreativitet og flinke fotografar rundt om i fylket, og eg vonar alle tek med seg initiativ og skaparkraft vidare i utdanning og arbeidsliv, seier Haugen, som no ønskjer å bruke konkurransebilda i ulike samanhengar knytt til fylkesplanen. Premien for vinnarbildet er fotoutstyr for 6000 kroner, medan dei som kom på 2. - 4. plass får 2000 kroner kvar og dei som kom på 5. - 7. plass får 1000 kroner kvar. NB: Vinnarbildet til Håvard Myklebust samt bilda til dei øvrige 6 vinnarane i fotokonkurransen kan du sjå på nettsidene til Fylkesplanen: www.mrfylke.no/fylkesplan

Havard Myklebust med vinnarbiletet