- Vi er svært glade for at vi har fått med oss Bjørk Matheasdatter og Eiel Holten frå Duo parutvikling. Dei har jobba med samlivskurs i mange år blant anna gjennom Modum bad. Dei blir av mange rekna som dei beste foredragshaldarane på feltet. Dei er kjende for å vere kreative og underhaldande i sin måte å formidle viktige tema, og brukar virkemiddel som film, litteratur, rollespel, musikk kombinert med stor innleving og godt humør! seier Beate Hopland Langnes ved SUFH. Studiar viser at par som har gått på prep-kurs har opp til 50 prosent større sannsyn for å bli i parforholdet og ikkje minst vere nøgd med det - enn par som ikkje har fått denne kunnskapen og treninga. Kurset SUFH no vil tilby er eit såkalla PREP i fullversjon. Det vert eit helgekurs med til saman 12 - 15 timars program. Eigeninnsatsen er avgjerande for å få utbyte av samlivskurset. Det blir sett av tid til parvise samtalar og øvingar i løpet av programmet. For å skjerme para sitt privatliv er det ikkje lagt opp til gruppearbeid . Målgruppa er heilt alminnelege par i alderen 20-45 år som ønsker å gjere eit OK samliv enda betre. Kurset gir også hjelp til å kunne handtere problem i parforholdet på ein trygg og god måte. Mei om kurset og innhaldet i papiravisa seinare denne veka.