Ulstein kommune hadde frå 1953 vedtekter om utvida bandtvang for hundar etter § 3 i Bufelova. Vedtektene vart seinare justert og godkjent av Landbruksdepartementet. Etter kvart vart òg heimel for utvida bandtvang av omsyn til beitedyr overført til denne lova. Vedtektene var gjeldande ut 2006. Forskrifta om utvida bandtvang i Ulstein vart oppheva frå 1. januar 2007, etter den tid har kommunen vore utan forskrift. Utmarkslaga i Hareid og Ulstein tok i 2004 opp spørsmålet om vidareføring av utvida bandtvang. Dei gjorde framlegg om sams vedtekter for kommunane Ulstein og Hareid. Kommunane har no hatt på høyring eit framlegg om å gjenopprette ei slik forskrift, no med heimel i Hundelova. Framlegget til vedtak er at alle som eig eller sit inne med hund i kommunane, skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller innegjerda i den tida og i dei områda bufe beitar. Brot på denne forskrifta er straffbar. Forskrifta tek til å gjelde frå det same ho er vedteken. For bandtvang generelt blir det synt til hundelova sin § 6 og for lovfesta unnatak for bandtvang blir det synt til same lov sin § 9. Saka skal opp i Ulstein formannskap tysdag 2. juni.