Ho har ikkje gjort noko marknadsundersøking før ho starta opp den første kiropraktorklinikken i Vanylven kommune. – Vi hadde lyst å bu her og håper at det skal vere grunnlag for det. Vi er Henriette og kiropraktor-sambuar Sindre Brekke, som fortida bur og arbeider i Elverum. Planen er at han skal kome etter. Saman skal dei drive ein klinikk som gjer at folk i Vanylven slepp å reise til Volda, Ulsteinvik eller Nordfjordeid når dei har vondt i ryggen. Henriette Svendsen (28) frå Ulstein kan skilte med grundig utdanning frå universitetet i Odense. – Det er den einaste kiropraktorutdanninga som held til på universitet og der går dei tre første åra parallelt og tek dei same eksamenane, som legestudentane. Ved sida av den tradisjonelle behandlinga av ledd hos kiropraktoren arbeider Henriette også mykje med musklar. – Det er det ikkje alle kiropraktorar som gjer. Utstrekning, treningsøvingar, triggerpunkt og nålebehandling er mellom anna det som står på programmet når det gjeld handsaming av musklar. – Mange tenkjer mest på kiropraktorar når dei har vondt i ryggen, men vi arbeider også med bein og armar. Folk som har trakka over, har vondt kne, senebetenning eller musearm til dømes. Ho understrekar at ho også kan skrive ut sjukemeldingar og vise vidare til røntgen, MR eller spesialist. Telefonen kimar i bakgrunnen på klinikken og Henriette set opp enda ein ny pasient på time. – Kvar vi held til? Rett overfor gamlemeieriet.