Hareid kyrkje blei vigsla i 1877, og det har sjølvsagt ved fleire høve etter dette blitt gjort naudsynte utskiftingar. No er det nytt golv og nytt varmesystem i kyrkjerommet, og eit universelt toalett i tillegg til ein kjøkkenkrok i inngangspartiet til kyrkja som står på agendaen for Hareid Sokn.

– Dei fyrste søknadane om midlar sende vi inn i 2009, så no er det på høg tid å få ordna det som bør ordnast i den flotte kyrkja vår. Vi har til dømes mykje trusopplæring, og det å ha ein eigna plass for å leggje til rette for matlaging er eit ønskje, seier kyrkjeverje i Hareid Sokn, Bente Andreassen Pilskog.

Fekk planleggingsmidlar

Hareids-politikarane gjekk inn for å løyve planleggingsmidlar til Hareid Sokn for 2018, slik at ein kan planlegge og leggje til rette for vidare arbeid.

– I dei langsiktige økonomiplanane som soknet leverer til kommunen ligg det inne investeringsmidlar til å utføre dette arbeidet, seier kyrkjeverja.

I høve eit universelt toalett og kjøkkenkrok er det i tilfelle snakk om å utvide inngangspartiet noko.

– Vi får ikkje plass til ein kjøkkenkrok og eit universelt toalett slik det er i dag, seier Bente Andreassen Pilskog.

Som fortel at planen om å skifte golv og varmesystem eigentleg var klappa og klar, men at gevinsten med å ta dette i samband med ei eventuell utviding av inngangspartiet er så stor, at dette må avklarast først.

– Soknet jobbar tett opp mot Riksantikvaren og Møre bispedømme. Eg håper vi får investeringsmidlar frå kommunen slik at vi kan setje i gang neste år. Dette er ei kyrkje som i snitt er i bruk fem dagar i veka, gjennom heile året.

Vil gjere bedehuset til kyrkjelydshus

Hareid Sokn har fått tilbod om å ta over Hareid bedehus vederlagsfritt, mot at det blir oppjustert til dagens standard. Det har Hareid kyrkjelege fellesråd valt å gå vidare med.

– Vi er veldig takksame for tilbodet frå eigarane av bedehuset. Det ligg flott til i enden av Miljøgata. Bedehuset har mykje potensial, og vi tenkjer å nytte det til ein kombinasjon av aktivitetar vi i dag har i kyrkja og til areal vi treng i høve trusopplæringa og ikkje minst Hareid Frivilligsentral sitt arbeid og aktivitetar. Dei som nyttar huset i dag skal sjølvsagt også få tilgang, og det blir lagt til rette for utleige. Det skal framleis vere eit fleirbrukshus. Vi ønskjer også å få til eit tilbygg på det eksisterande bygget, der vi kan ha kontorareal for dei tilsette i soknet. Arealet i dagens bedehus er ikkje stort nok til å også ha kontor her, og vi treng det til aktivitetar, seier Bente Andreassen Pilskog.

Golvet i Hareid kyrkje ber preg av mykje bruk – og er no i ein slik tilstand at det må skiftast ut. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.
Kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.