Partiet De Kristne har levert lista til kommunestvalet i Hareid til hausten.

Øvst på lista står Trond Røyset Gustavsen (1971). Han er leiar for Betal Hareid.

De Kristne har levert ei liste med åtte namn i Hareid.

Framfor førre kommuneval fronta Røyset Gustavsen lista til Kristent Samlingsparti.

- Dei har ikkje liste på fylkesplan i år, og vi satsar i staden på De Kristne, fortel Gustavsen.

- Bastenensen sa ein gong at Kystpartiet skulle vere ein fargeklatt. Eg kan vel seie at noko av målet vårt er at De Kristne skal stå for ein litt annan fargenyanse i lokalpolitikken, seier Gustavsen.

Blant saker han meiner det er viktig å jobbe for i lokalpolitikken er betre ruspolitikk, psykiatri og eldrepolitikk.

- Og så er skulestrukturen ein sak som kjem til å bli debattert i Hareid. I utgangspunktet meiner vi som stoller på liste for De Kristne at skulane bør bevarast slik dei er i dag. Vi har eit ansvar for å gi dei unge god opplæring og eit godt miljø.

Heile lista

1. Trond Røyset Gustavsen (1971)

2. Harald Vilnes Holstad (1972)

3. Brit Tennfjord Grimstad (1939)

4. Randi Døving (1971)

5. Inger Ambjørnsen ((1933)

6. Oddveig Nedrelid (1942)

7. Liv Sissel Bigset (1969)

8. Else Oksavik (1930)