Måndag denne veka hadde førsteklassingane på studiespesialisering og service og samferdsel innovasjonscamp. Tema for dagen var miljøvern. Skulen fekk besøk av Runde Miljøsenter og Søre Sunnmøre Reinhaldsverk som lærte elevane om kor viktig det er for miljøet at ein får ned forbruket av plast.
Etterpå vart elevane delt opp i grupper, på tvers av klassene. Dei fekk i oppgåve å presentere korleis dei skal få ned forbruket av plast. Dei måtte ha med kven som var målgruppa for kampanjen dei hadde utarbeidd, og korleis dei ville nå fram med bodskapen sin. Gruppene fekk 2 1/2 time på seg før presentasjonen.
Rettleiarar frå næringslivet var til stade. Desse fekk elevane spørje til råds.
Ein jury beståande av Torben Sandvik (Island Offshore), Linn Urke Osnes (SSR), Ole Magne Rotevatn (Herøy kommune) og Svetlana Tjørvåg (Jets Vacuum). Nordea stilte med pengepremiar til dei tre beste gruppene.
A-HA til dei vaksne
Ein stor del av gruppene hadde (barne-) familiar som målgruppe. Dei står for ein stor del av innkjøpa. Ein må no forbrukarane for å få ei endring. Og mange elevar ville spele på kjensler for å nå målgruppa si. Anten det var ved å bruke bilete av dyr som leid på grunn av plast i naturen, eller dei kunne appellere til samvit. – Alle foreldre vil ha den beste framtida for borna sine, vart det sagt. Det kan også vere lurt å bruke humor.
Ei gruppe føreslo at ein kan bruke kjendisar for å nå fram med bodskapen. Ein kan nytte A-HA for å nå dei vaksne, Marcus og Martinus for å nå tiåringar.
Plastposen
Fleire ungdomar tok til orde for å få ned forbruket av plastposar. Det kan gjerast på fleire vis. Styresmaktene kan setje opp poseavgifta, så det blir kostbart å kjøpe plastposar, eller ein kan vende seg til forbrukarane. – Tøynett er betre, billegare og meir miljøvennleg, vart det argumentert.
Helen Longva Fet frå Ungt Entreprenørskap trur desse dagane er nyttige for elevane. – Elevane får gå utanfor si eiga komfortsone og tenkje nytt. Det er dei som skal ta over samfunnet. Dei treng å få øve seg i kreativitet og innovasjon, meinte ho.
Det er også bra at ungdomane får kome i kontakt med næringslivet og sjå kva som finst i nærmiljøet. Og det er mykje dei lærer denne annleise dagen som er ein del av pensum.